Loading...
Aktivitetar 2018-05-25T11:07:41+00:00

Det er vanlegvis arrangement kvar sundag, formiddag eller kveld. Sjå semesterprogram eller lysingar i Hordaland Folkeblad om fredagane.
I tillegg er det vanlegvis 1-2 møteveker i kvart semester, og eit par bibelhelgar.
Du finn video-opptaka av møta på Youtube.

Annakvar onsdag vert det arrangert barnelag i bedehuset der born i søndagskulealder samlast frå kl. 17.30-18.30/ 19.00.
Sjå i  semesterprogrammet kor tid samlingane er.

Ungdomsgruppe er det ca. ein gong i månaden. Det vert gjeve info på møte om kor tid ungdomsgruppa skal vera.

Det er bønemøte om sundagane – ein halv time før møte byrjar.

Du er hjarteleg velkomen til møta eller til å følgje oss på Youtube eller Facebook